Allgames 2021 i haustferien

Arrangementet er ein del av Aldri alene-prosjektet, eit samarbeid mellom Bjørnafjorden, Bergen og Øygarden kommunar.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Allgames 2021 er eit heildigitalt gamingevent
Tysdag 12. oktober er det kvalifiseringsrunde, før finalerunden går av stabelen i romjula, 28. desember 2021.

 Aldri alene har fokus på inkludering, samhald, openheit og bevisstgjering kring psykisk helse. Les meir om Aldri alene-prosjektet

– Bryt ned ulikskapar og bygger fellesskap

– Gaming og andre digitale aktivitetar spelar ei stor og viktig rolle i livet til barna og ungdomane våre. Vi foreldre tenker gjerne på gaming som ein usosial og einsam aktivitet, når sanninga er at dette er ein ny sosial arena som vi vaksne ikkje heilt forstår. Difor får dei negative sidene ved gaming gjerne altfor mykje merksemd, seier ruskonsulent i Bjørnafjorden kommune, Carl-André Dahl. 

– Men faktum er at gaming bryt ned ulikskapar og bygger fellesskap på tvers av kjønn, alder, etnisitet og funksjonsevne. Gaming er faktisk superinkluderande!

Gaming for god helse

Aldri alene ønskjer å flytte fokus vekk frå fordommar og stigma knytt til gaming, og lyfte sporten til å vere ein helsefremjande arena på Vestlandet.

Difor inviterer dei no til «årets råaste heldigitale gamingevent» den 12. oktober. Her kan du møte og få tips av den kjende gameren Prebz og bli med i trekninga om premiar sponsa av Power Lagunen, Voss Vind, Sartor Storsenter, Megazone Bergen og TV2 Play.

Les meir og meld deg på