– Vi forventar ekstra stor influensabølgje

Slik blir influensavaksineringa i Bjørnafjorden kommune.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

– Bjørnafjorden kommune vil motta influensavaksinen i veke 42. Mange i risikogruppa vil kunne få vaksinen ved vanleg konsultasjon hos fastlegen i løpet av hausten.

Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenester vil få vaksinen på arbeidsstaden, ved kommunale legekontor (Moberg legesenter og Eikelandsosen legekontor) eller på massevaksineringsstad (Oshallen og Fjord’n senter).

– Vi forventar at årets influensabølgje blir ekstra stor på grunn av manglande immunitet i befolkninga etter to sesongar med lite/inga smitte, melder Bjørnafjorden kommune.

Målgrupper for influensavaksine:

Risikogruppa:

  • Alle frå og med fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke
  • Barn og vaksne med kronisk lunge- eller hjartesjukdom, diabetes, lever- eller nyresvikt, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, nedsett immunforsvar, svært alvorleg fedme

    Spesielle nærkontaktar til risikogruppa:
  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenester som har pasientkontakt
  • Husstandsmedlemmar til immunsupprimerte pasientar

    Ekstraordinær målgruppe:
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Personar i målgruppene vil få vaksinen mot eigendel på 50 kroner (unntak ved frikort) hos fastlegen eller dekka av arbeidsgivar. Andre innbyggarar kan få influensavaksine utan resept på apotek mot fullpris.

Vaksine tilpassa sjukeheimsbebuarar blir levert midten av november. Då blir det eigne vaksinasjonsrundar på sjukeheimane.

Massevaksinasjon (Oshallen og Fjord’n senter) for alle i målgruppene blir i veke 45.