Endå ikkje vaksinert deg?

Foto: Jan Petter Svendal

Onsdag kan du velge vaksinetype.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Onsdag, 29. september, er siste moglegheit for første vaksinedose i Oshallen og Fjord’n senter.  Bestill time eller drop i

– Og som ein ekstra bonus står både Pfizer- og Moderna-vaksinen på menyen denne dagen. Du kan sjølv velje kva for ein av vaksinetypane du vil ha, sjølv om begge typane er like gode og ein kombinasjon går heilt fint, melder Bjørnafjorden kommune.

NB:16- og 17-åringar som ventar på dose to i veke 42/43, skal framleis få denne i Oshallen/Fjord’n senter. 

Når massevaksinasjonen er over, vil legekontora overta oppgåva med vaksinasjon av eigne pasientar. 

Ta vaksinen!
– Dersom du vel å ikkje vaksinere deg, må du vere førebudd på at du har større risiko for å bli smitta og sjuk av koronaviruset. Viruset kjem ikkje til å forsvinne med det første, seier kommuneoverlege Klaus Melf.