Nokre ledige plassar på haustferieskulen

Illustrasjonsfoto: Jan Petter Svendal

Ledige plassar på tre tinn 11.-13. oktober.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Det er nokre ledige plassar for 5.-7. trinn ved tre kurs på haustferieskulen, 11.-13. oktober 2021.

– Ta direkte kontakt med arrangørane for påmelding.
Førstemann til mølla, melder Bjørnafjorden kommune

Aktivitetsveke idrett
Aktivitetsdagar med fokus på ulike idrettar, både inne og ute, på og rundt Nore Neset idrettspark. Ta med god humør, så fiksar vi resten!
Nore Neset idrettspark, måndag 11.-onsdag 13. oktober 2021, kl. 9-15. Arrangør: Nore Neset IL.

For å melde deg på, ta direkte kontakt med Martin Eidsvik, e-post: martin.eidsvik@nnil.no eller telefon 930 86 674

Kuventræ Bootcamp
Bli med på Kuventræ Bootcamp i haustferien! Tre varierte dagar med hovudvekt på fysisk trening (hurtigheit, styrke, yoga, balanse) og fotball. To kvalitetsøkter med variert innhald kvar dag.
Os idrettspark, måndag 11.-onsdag 13. oktober 2021, kl. 10-14.30. Arrangør: Os fotball.

For å melde deg på, ta direkte kontakt med Endre Brenne, e-post: endre@osfotball.no eller telefon 907 24 338

Os haustcamp
Bli med på dansekurs med Malin Nøss Vangsnes, og mykje anna gøy i haustferieveka. Du kan vere nybegynnar eller ha dansa før. Vi ligg vekt på vennskap, samarbeid, dialog, fellesskap og kreativitet. Malin er ein profesjonell, utøvande dansar med lang erfaring frå undervisning nasjonalt og internasjonalt.  Bli med! Vi gler oss til å sjå deg!
Tunet kyrkje- og kultursenter, måndag 11.-onsdag 13. oktober 2021, kl. 10-15.30. Arrangør: Språkkafeen i Os v/Os sokn.

For å melde deg på, ta direkte kontakt med Ingrid Vik, e-post: iv588@kyrkja.no eller telefon 450 51 212