Har etablert Fortidsminneforeininga Bjørnafjorden lokallag

Frode Alnæs, pressefoto

Og no inviterar dei til konsert med Frode Alneæs.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Fortidsminneforeininga Bjørnafjorden lokallag vart etablert i 2021, då tidlegare Os og Fusa lokallag av FMF gjekk saman til eit felles lag i kommunen vår. Styret har hatt møte med synfaring og drøftingar, men grunna korona-restriksjonane er det først no vi kan invitere til medlemsmøte og ope møte.

På Fusa sida har det tradisjonelt vore engasjement for Holdhus kyrkje gjennom arrangement i kyrkja.

– Det ønskjer vi å halda fram med som Bjørnafjorden lokallag, og neste veke er det Frode Alnæs som har to konsertar i kyrkja fredag 24. september kl.18 og kl.20. Han har samspel med vår eigen Even Lygre på konsertane.

Førehandssal av billettar hjå Olaug Bjørndal 482 61 757. ring eller melding Billettpris 350.-

Les også: Kulturminne i Bjørnafjorden

Saman med framveksten av fokus på miljøpolitikken er det mange som vert medvitne om at det i slikt perspektiv er viktig å ta vare på bygg og kulturmiljø.

– Det er viktig å få eit oversyn over kulturminna i Bjørnafjorden, og lokallaget inviterer til opne møte på begge sider av fjorden i samarbeid med kultureininga i Bjørnafjorden kommune. Der vert det informert om eit komande planarbeid, og dei frammøtte har høve til å koma med innspel om kulturminne som dei kjenner til.

Styret i Bjørnafjorden lokallag er: Ingebjørg Astrup, Øyvind Bugge, Harald Bjørndal, Toril H Hauge og Siri Janne Llanos

Varamedlemar er Laila Stabel og Svein Arne Myhren.

Foto: Laila Stabel