Kulturminne i Bjørnafjorden. 

Illustrasjonsfoto: Jan Petter Svendal

Ver med og kom med innspel om kulturminne og kulturarv.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

– Ver med og kom med innspel om kulturminne og kulturarv. Slik kan vi  sikra felles kjennskap og kunnskap, melder Fortidsminneforeininga Bjørnafjorden lokallag og Bjørnafjorden klommune.

Aktuelle kulturminne er bygg, kulturmiljø, kulturlandskap og gjenstandar. Immateriell kulturarv kan vera t.d. handverk eller folkemusikk.

– Kulturminne og kulturvern vert eit tema i kulturplanen for Bjørnafjorden kommune, og kultursjef Erik Vangsnes vil saman med Kristin Bøe og Øyvind Gjerde informera om korleis dei vil arbeida fram planen, og korleis dei vil vektlegga ulike tema. 

Tysdag 21. september kl 19 i biblioteket i Os

Torsdag 23. september kl. 19.00 i kommunetunet i Eikelandsosen

Etter presentasjonen vert det høve til å koma med innspel og spørsmål. 

– Det er her det er viktig at innbyggarane kjem med framlegg til kulturminne som bør sikrast.

Tidlegare Fusa kommune har ein gjeldande plan for kulturminne, og i Os har det vore arbeidd med å henta inn informasjon som kulturminnegrunnlag.

– No skal dette samanstillast til ein plan som skal gjelda for åra framover. Fortidsminneforeininga – Bjørnafjorden lokallag inviterer til opne møte i samarbeid med kultureininga i kommunen i Biblioteket i Os og i kommunetunet i Eikelandsosen