– Sei ja til den vaksinetypen du får

Foto: Jan Petter Svendal

Pfizer og Moderna er mRNA-vaksinar som bygger på same teknologi og beskytter deg mot den same delen av koronaviruset.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

– Ein del snur faktisk i døra når dei får vite at Moderna-vaksinen står på dagens meny på vaksinestasjonen. Men Moderna-vaksinen er faktisk endå meir effektiv enn Pfizer. Og kombinasjonen første dose Pfizer og andre dose Moderna går heilt fint – det er eg sjølv eit bevis på, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Både koronavaksinen frå Pfizer og koronavaksinen frå Moderna er såkalla mRNA-vaksinar. Dei bygger på same teknologi og beskytter deg mot den same delen av koronaviruset, det som blir kalla spike-proteinet.

Les også: Det går bra å kombinere vaksiner fra BioNTech/Pfizer og Moderna (fhi.no)

Meir Moderna

– Noreg har fleire Moderna-dosar, og færre Pfizer-dosar enn tidlegare. I tillegg er mange av Pfizer-dosane øyremerkt aldersgruppa 12-17 år. Dette betyr at Moderna-vaksinen vil vere den aktuelle andredosen for dei fleste av oss vaksne, seier Melf.

Andredosen er viktig mot smitte

Både del- og fullvaksinerte som får covid-19, har låg risiko for å bli lagt inn på sjukehus. Men god beskyttelse mot smitte av deltavarianten av viruset, får du først etter den andre dosen. Difor er det viktig at så mange som mogleg er fullvaksinerte – og så raskt som mogleg.

Ta den vaksinetypen du får tilbod om

– Kanskje er nokre bekymra for biverknader? Dose to gir oftare biverknader ved begge vaksinetypane. Det er eit godt teikn, som betyr at immunsystemet reagerer som det skal. Moderna-vaksinen kan gi noko kraftigare biverknader enn Pfizer, men desse er uansett forbigåande. Ta den andre vaksinedosen når du får tilbodet  – uavhengig av om det er Pfizer eller Moderna, oppmodar kommuneoverlegen, som sjølv har fått ein kombinasjon av dei to, og er svært fornøgd med det.