Strandryddeveka er i gang i Bjørnafjorden kommune

Foto: Jan Petter Svendal

Os Rotary Klubb, Fusa Lions Klubb og Bjørnafjorden kommune inviterer alle frivillige, skuleklassar, barnehagar, bygdelag og organisasjonar til å vere med og rydde strendene våre.  

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

– Frå laurdag 11. til søndag 19. september går vi saman om å rydde strandsona i Bjørnafjorden.

Os Rotary Klubb og Fusa Lions Klubb har saman kartlagt kvar det er mest plast og boss langs heile den 355 kilometer lange strandlinja i Bjørnafjorden kommune. 

– Dei to klubbane organiserer utdeling av bossekkar og arbeidshanskar, og informerer om område, sikkerheitsreglar og levering av bosset. Dersom det er nødvendig å nytte båt, kan dei organisere skyss, melder kommunen. 

Slik blir du med

I Fusa, ta kontakt med Fusa Lions Klubb:
Andreas Næss: tlf. 94 82 38 76, e-post aknaess@online.no
Sveinung Olsen tlf. 41 45 17 77, e-post: sveinuno@online.no

I Os, ta kontakt med Os Rotaryklubb:
Øyvind Tøsdal tlf 98234450, e-post: oyvind@tosdal.no
Leo Corneliussen, tlf 48053016, e-post: incornel@gmail.com

– Oppgi kven som er kontaktperson for ditt ryddelag, hugs å ta med e-post-adresse og telefonnummer.