Grønt nivå ved barnehagar og skular

Foto: Jan Petter Svendal

Den lokale forskrifta om smittekarantene blir ikkje forlenga.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Kommunal kriseleiing (KKL) i Bjørnafjorden kommune har i samråd med kommuneoverlegen vedtatt å innføre grønt nivå ved alle barnehagar og skular i kommunen. Den lokale forskrifta om smittekarantene blir ikkje forlenga.

Grønt nivå ved barnehagar og skular

Dette trer i kraft så snart det er praktisk mogleg for barnehagane og skulane. Barnehagane og skulane vil sjølve informere tilsette og føresette. Det er den lokale eller nasjonale helsemyndigheita som bestemmer fargenivå, og ikkje den enkelte barnehagen eller skulen.

Lokal forskrift blir ikkje fornya

Den lokale forskrifta for smittekarantene for barn og unge under 18 år, går ut ved midnatt, natt til tysdag 14. september 2021. Dette betyr at jamleg testing i dei fleste tilfelle kan erstatte smittekarantene for denne gruppa.

Les meir: Unntak fra smittekarantene ved jevnlig testing (helsenorge.no) 

Kommuneoverlegen vil informere barnehagar og skular om kva reglar som gjeld, og kva for rutinar vi no skal ha ved smittetilfelle.

Frå og med tysdag 14. september har Bjørnafjorden kommune ingen lokale reglar og tiltak, men følgjer dei nasjonale reglane og retningslinjene.