Har du ikkje tatt første vaksinedose enno?

Foto: Jan Petter Svendal

Kommunen vil ha drop-in-vaksinasjon for første vaksinedose to dagar i vekene framover.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Kjenner du nokon som ønskjer å ta vaksinen, men som det er vanskeleg for kommunen å nå i tradisjonelle informasjonskanalar?  Du/dei treng ikkje bestille time. Berre møte opp.

– Det er framleis ein god del vaksne bjørnafjordingar som ikkje er vaksinerte mot korona, spesielt i aldersgruppa 18-44 år. Vaksinen beskyttar godt mot smitte, og svært godt mot alvorleg sjukdomsforløp dersom du likevel skulle bli smitta. 

Bjørnafjorden kommune ønsker velkommen til drop-in-vaksinasjon for første vaksinedose onsdag 15. september og onsdag 22. september, klokka 8.30-11.30 på vaksinasjonsstasjonane i Oshallen og Fjord’n senter.