Kommunestyret skal gå berekraftsmarsj under mobilitetsveka

Foto: Jan Petter Svendal

Målet er så få mange bjørnafjordingar som mogleg til å gå, sykle og på andre måtar bevege seg til det beste for både kroppen og klimaet.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Kvar haust går den europeiske mobilitetsveka av stabelen. Årets hovudbodskap er berekraftig transport.

– Frå torsdag 16. til onsdag 22. september vil det vere ulike aktivitetar og arrangement rundt om i kommunen vår. Målet er så få mange bjørnafjordingar som mogleg til å gå, sykle og på andre måtar bevege seg til det beste for både kroppen og klimaet, melder Bjørnafjorden kommune.

Dette skjer

Alle dagar 

  • Kvardagar: Aktivitetskonkurranse. Kampanje retta mot skulane. Elevane får poeng for alle aktivitetar dei registrerer: fotballtrening, gå til skulen, tur med hunden – all bevegelse i løpet av veka. Fine premiar til dei klassane som samanlagt har flest poeng.
  • Berekraftsmarsj. Gå natursti til dagsturhyttene Borgabua og Vetlevardhytto, eller tilrettelagte løyper på Lyngheim og Vinnesholmen. Tenk kloke tankar og svar på spørsmål undervegs.

Torsdag 16. september

Kommunestyrepolitikarane går berekraftsmarsj.

Fredag 17. september

Morgonstunt på hemmeleg stad i Bjørnafjorden kommune. Pop-up-arrangement i regi av Bergen Live og Miljøløftet.

Laurdag 18. september

  • Bilfritt i Os sentrum frå klokka 10
  • Uteyoga på Oseana kunst- og kultursenter klokka 9
  • Sykkelverkstad i Os sentrum klokka 11-14
  • Vitenverkstad i Os sentrum klokka 11-14