Vidarefører gult smittevernnivå

Foto: Jan Petter Svendal

Men med nokre endringar. Gruppeundervisning ved kulturskulen startar opp igjen, innanfor rammer som er godkjende av kommuneoverlegen.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Kommunal kriseleiing (KKL) i Bjørnafjorden kommune har vedtatt å vidareføre gult smittevernnivå i barnehagar og barne- og ungdomsskular til og med måndag 13. september 2021.

Framleis gult nivå ved barnehagar og grunnskular
Etter råd frå kommuneoverlegen, har KKL vedtatt å vidareføre gult smittevernnivå ved barnehagar og grunnskular i Bjørnafjorden kommune, til og med måndag 13. september. 

Følgjande blir likevel endra frå og med tysdag 7. september: 

  • Utleige av skulelokale på ettermiddag/kveldstid til eksterne er tillate.
  • Gruppeundervisning ved kulturskulen startar opp igjen, innanfor rammer som er godkjende av kommuneoverlegen. Føresette vil få meir informasjon direkte frå kulturskulen.

Framleis lokal forskrift om fortsatt smittekarantene for dei under 18 år

Den lokale forskrifta for smittekarantene for barn og unge under 18 år gjeld òg til og med måndag 13. september 2021.
Les forskrift om smitteverntiltak, Bjørnafjorden kommune.

Bakgrunn for den lokale forskrifta

Nye nasjonale retningslinjer som trådde i verk 16. august, seier at barn og unge under 18 år ikkje lenger må i smittekarantene når nokon i klassen eller avdelinga får påvist smitte. I utgangspunktet betyr denne nye regelen at dersom eit barnehagebarn eller ein elev får påvist smitte, må dei andre barna i klassen/avdelinga ikkje lenger gå i smittekarantene, men i staden bli testa hyppig over fleire dagar etter smitteeksponering. Retningslinjene seier òg at testinga skal gå føre seg ute i barnehagane og skulane.

Bjørnafjorden kommune kjem førebels ikkje til å innføre testing som ei erstatning for smittekarantene for dei under 18 år. Den lokale forskrifta som vidarefører ordninga med smittekarantene for nærkontaktar under 18 år gjeld til og med måndag 13. september 2021. Elevar på vidaregåande skule er unntatt forskrifta, fordi skulane gjennomfører testregimet sjølve.