Inviterer til gratis haustferieskule

Foto: Jan Petter Svendal

Dans, det våte element, idrett, Skaparstovo, aktivitetar og mat er blant tilboda.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Endå meir moro, leik og læring for elevar på 5.-7. trinn i veke 41! 

Haustferieskulen er eit gratis tilbod frå Bjørnafjorden kommune, i samarbeid med lag, organisasjonar og privatpersonar.

Kursa er fullfinansierte av Bjørnafjorden kommune med midlar frå Utdanningsdirektoratet.

– Sommarskulen i Bjørnafjorden blei ein stor suksess, og gav mange barn og unge minne for livet. Difor er det ekstra kjekt å kunne gi dette tilbodet til endå fleire, seier sommar- og haustferieskulerektor Per Olav Sørås.

Åtte kurs, over tre eller fire dagar

Alle som går på 5.-7. trinn ved skulane i Bjørnafjorden kommune kan søkje om plass på haustferieskulen. Kursa går over tre eller fire dagar: måndag 11.-onsdag 13. oktober eller måndag 11.-torsdag 14. oktober.

– Vi har åtte ulike kurs som spenner seg frå matlaging og kunst og handverk til ulike fartsfylte og spennande vass- og idrettsaktivitetar. Eg trur vi har noko som kan passe for dei fleste, seier Sørås.

Sjå kursoversikt og søk om plass

Påmeldingsfrist er fredag 10. september klokka 12.

Ikkje første mann til mølla 

– Det er ikkje første mann til mølla, men talet på plassar er avgrensa. Vi jobbar så godt vi kan for å gi så mange som mogleg plass. Du kan søkje plass på maks to kurs. Då vil det vere tilfeldig kva for eitt av dei to kursa du eventuelt får plass på, seier Sørås.