Til uka startar vaksinering av 12-15 åringar i Bjørnafjorden kommune

Foto: Jan Petter Svendal

Gruppa får Pfizer-vaksinen, som er godkjent frå 12 år og oppover.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Regjeringa har bestemt at barn og unge i alderen 12 til 15 år skal få tilbod om koronavaksine.

– I Bjørnafjorden startar vi opp vaksinasjon av denne gruppa allereie neste veke, melder kommunen 

Du som er føresett til ein 12-15-åring i Bjørnafjorden, vil få tilsendt ein SMS med lenke til timebestilling for vaksinasjon.

– Gruppa får Pfizer-vaksinen, som er godkjent frå 12 år og oppover. Alle som får tilbod må vere fylt 12 år. Vaksinasjonen er éin dose i første omgang.

God effekt

– Barn og unge blir heldigvis sjeldan alvorleg sjuke av koronaviruset. Men når fleire barn og unge blir smitta, vil nødvendigvis fleire av dei bli sjuke òg.  FHI anbefaler difor vaksine til denne aldersgruppa for å beskytte dei mot alvorleg sjukdomsforløp. Ungdom har generelt svært god effekt av vaksinasjon, seier kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune, Klaus Melf.

Slik vil vaksinasjon av 12-15-åringar skje

Vaksinasjon skjer ved vaksinasjonsstasjonane i Oshallen og Eikelandsosen, ikkje ute på skulane. Det vil bli utvida opningstid ved begge stasjonane neste veke, øyremerkt denne aldersgruppa. 

NB! Ein føresett må vere med til vaksinasjonen. De må bestille time på førehand, ikkje drop-in.

For koronavaksinasjon av ungdom under 16 år, må begge føresette samtykke ved felles foreldreansvar. Samtykke til vaksinasjon er eit steg i timebestillinga.