27 elevar ved Lunde barneskule i karantene

Lunde barneskule. Foto: Jan Petter Svendal

Ein elev på 6. trinn ved Lunde barneskule har fått påvist covid-19.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

– Til saman 27 elevar på klassetrinnet blir rekna som nærkontaktar, er i karantene og vil bli testa så snart som mogleg, melder Bjørnafjorden kommune.

Smittetilfellet har ikkje samanheng med gårsdagens smittetilfelle ved Søfteland skule.

Dei som er nærkontaktar ved Lunde barneskule, har fått beskjed. Alle andre skal vere på skulen som vanleg.

– Helsepersonell frå kommunen tar kontakt med føresette til nærkontaktane for meir informasjon og rettleiing i løpet av dagen.

Karantenen gjeld berre nærkontaktar, og ikkje deira husstandsmedlemmer. Unntaket er om eleven utviklar symptom, då skal òg resten av husstanden vere i karantene til testsvar er klart.