Nye millioner til næringslivet

Næringssjef Jon Sivert Rykkel. Foto: Jan Petter Svendal

Den lokale tildelinga kommer i tillegg til statens tiltak for å kompensera for ulempene bedriftene har som følgje av smittevernstiltak.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Stortinget fatta 21. juni vedtak i saka «økonomiske tiltak i møte med pandemien». Regjeringa har no følgd dette opp med eit nytt tilskot: Ny kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. Bjørnafjorden kommune er i den samanhengen tildelt 2 118 000 kroner.

Den lokale tildelinga kommer i tillegg til statens tiltak for å kompensera for ulempene bedriftene har som følgje av smittevernstiltak. Hovudverkemiddelet er kompensasjonsordning.no. Den lokale tildelinga har som hensikt å fange opp bedrifter som faller utanfor den nasjonale statlege kompensasjonsordninga. 

Kven kan søkje?

Føljande bransjar og deira underleverandørar vert prioritert:

  • Servering
  • Arrangement
  • Reiseliv
  • Øvrige verksemder som er råka av smittevernstiltak, men faller utanfor andre statlege kompensasjonsordningar, kan også vurderast.

Virksomheter som starta i 2020 kan søkje og vil bli vurdert.

Meir innformasjon om søknaden finn ein på heimesida til Bjørnafjorden kommune eller regionalforvaltning.no

– Me føler me har treft godt på dei førre rundane med kompensasjonsmidlar. Etter søknadsperioden er målsettinga og raskt få ut midlane til bedriftene. Hovudfokuset vårt er å trygga arbeidsplassar i kommunen, seier næringssjef Jon Sivert Rykkel.

Ved sidan av dei prioriterte næringane er det også høve for andre bedrifter som er råka av smittevernsreglar å søkja kompensasjonsmidlar. Dette kan til dømes vere leverandørar til næringar som er hardt råka.