Elevar ved Søfteland skule i karantene

Foto: Jan Petter Svendal

To elevar på 7. trinn ved Søfteland skule har fått påvist covid-19.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Alle dei 27 elevane på klassetrinnet blir rekna som nærkontaktar, er i karantene og vil bli testa så snart som mogleg.

Dei som er nærkontaktar ved skulen, har fått beskjed. Alle andre skal vere på skulen som vanleg.

Helsepersonell frå kommunen tar kontakt med føresette til nærkontaktane for meir informasjon og rettleiing i løpet av dagen. Karantenen gjeld berre nærkontaktar, og ikkje deira husstandsmedlemmer.