Forlengar med gult nivå ved barnehagar og grunnskular

Foto: Jan Petter Svendal

Etter råd frå kommuneoverlegen.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Kommunal kriseleiing (KKL) i Bjørnafjorden kommune har vedtatt å vidareføre gult smittevernnivå i barnehagar og barne- og ungdomsskular til og med måndag 6. september 2021.
I tillegg forlenger kommunen den lokale forskrifta for smittekarantene for barn og unge under 18 år med to veker, til og med måndag 13. september 2021.

Elevar i vidaregåande skule blir testa på skulen, og er unntatt frå den lokale forskrifta.

Framleis gult nivå ved barnehagar og grunnskular

Etter råd frå kommuneoverlegen, vedtok KKL å vidareføre gult smittevernnivå ved barnehagar og grunnskular i Bjørnafjorden kommune, i første omgang med ei veke, til og med måndag 6. september. 

Bjørnafjorden kommune anbefaler òg at ein ikkje blandar kohortar i fritidsaktivitetar utanfor skulen.

Framleis lokal forskrift om fortsatt smittekarantene for dei under 18 år

Nye nasjonale retningslinjer som trådde i verk 16. august, seier at barn og unge under 18 år ikkje lenger må i smittekarantene når nokon i klassen eller avdelinga får påvist smitte. I utgangspunktet betyr denne nye regelen at dersom eit barnehagebarn eller ein elev får påvist smitte, må dei andre barna i klassen/avdelinga ikkje lenger gå i smittekarantene, men i staden bli testa hyppig over fleire dagar etter smitteeksponering. Retningslinjene seier òg at testinga skal gå føre seg ute i barnehagane og skulane.

Bjørnafjorden kommune kjem førebels ikkje til å innføre testing som ei erstatning for smittekarantene for dei under 18 år, og forlenger den lokale forskrifta som vidarefører ordninga med smittekarantene for nærkontaktar under 18 år. Elevar på vidaregåande skule er unntatt forskrifta, fordi skulane gjennomfører testregimet sjølve.

Elles gjeld dei nasjonale reglane 

Med unntak av den lokale forskrifta som handlar om smittekarantene for dei under 18 år, følgjer Bjørnafjorden kommune dei nasjonale reglane og retningslinjene. 

Skal du i konfirmasjon til helga?

– Neste helg er den store konfirmasjonshelga i Os. Vi følgjer dei nasjonale reglane for arrangement i Bjørnafjorden, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Her finn du dei nasjonale råda for private samlingar og selskap.

– Men hugs å halde ein meter avstand. Det er ein fordel om de òg kan ha faste, tilviste plassar, og halde dykk til dei gjennom selskapet. Det hindrar smittespreiing, og at fleire enn nødvendig må gå i karantene ved smittetilfelle, seier Melf