Tibyr vaksine for barn over 12 år

Foto: Jan Petter Svendal

Bjørnafjorden kommune vil gje koronavaksine til barn over 12 år som er husstandsmedlemmar til immunsvekka personar

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

– Mange barn har hatt eit svært avgrensa sosialt liv i pandemien, fordi dei må beskytte sårbare familiemedlemmar mot viruset. Difor er det godt å no kunne tilby desse barna vaksine, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Folkehelseinstituttet har opna for koronavaksine til barn over 12 år som er husstandsmedlemmar til immunsvekka personar. Immunsvekkande behandling blir brukt ved mellom anna kreft, organtransplantasjon og alvorlege autoimmune sjukdomar.

Slik går du fram

Føresette må ta kontakt med barnet sin fastlege. Fastlegen formidlar så barnet sitt namn og kontaktinformasjon til vaksineteamet i Bjørnafjorden kommune.