4400 bjørnafjordingar får andre vaksinedose

Foto: Jan Petter Svendal

Det vert travelt på vaksinestasjonane i Os og Fusa til veka.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Neste veke blir det verkeleg massevaksinasjon, når om lag 4400 bjørnafjordingar får sin andre vaksinedose.

Neste veke vil det vere vaksinasjon kvar dag i Oshallen. Kvar dag, frå måndag til fredag, vil 800 personar få sitt andre stikk, totalt 4000 personar i løpet av veka. På vaksinasjonsstasjonen i Eikelandsosen får dei unna alle sine 400 i løpet av langope onsdag 1. september.

– Vi har sendt SMS med ny tid til deg som kan få andre dose neste veke, opplyser assisterande kommuneoverlege i Bjørnafjorden, Jonas Nordvik Dale.

Logistikk og stikk

Det må gå minimum 21 dagar mellom første og andre dose av Pfizer-vaksinen, og minimum 28 dagar mellom Pfizer-vaksinen som første dose og Moderna-vaksinen som andre dose. Talet på bjørnafjordingar som kan få andre dose, vil difor variere noko i vekene framover.
Vaksineteamet driv difor vel så mykje med logistikk som med sprøytestikk.

– Vi satsar på at alle får framskunda timen noko, slik at så godt som alle over 18 år er fullvaksinerte i løpet av september. Resten vil få andre dose i løpet av oktober: gravide (som først no har fått anbefalt dose 1), ungdom og «etternølarar», seier Nordvik Dale.Assisterande kommuneoverlege i Bjørnafjorden, Jonas Nordvik Dale.Midtsiden 

Ikkje drop-in for dose 2 for alle enno

– Tilsette i barnehage/skule og helsepersonell, er velkomne på drop-in for dose 2. Desse to gruppene treng altså ikkje bestille time eller få melding frå oss først. Alle andre må førebels vente på innkalling frå oss, men dette kan endre seg i løpet av kort tid, fortel Nordvik Dale.

Har du ikkje tatt første vaksinedose?

Er du fødd i 2005 eller før, og ikkje tatt første vaksinedose enno? Då kan du komme på drop-in til vaksinasjonsstasjonane i Oshallen eller Fjord’n senter i opningstida.