Anbefaler munnbind og avstand i Bjørnafjorden kommune

Ordfører Trine Lindborg (Ap). Foto: Jan Petter Svendal

44 smittetilfeller på under ei veke.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Bruk munnbind og sunn fornuft på kollektivtransport, kjøpesenter, butikkar og andre stader der du ikkje kan halde god avstand til andre, oppmodar ordførar Trine Lindborg.

Lokal forskrift om smittekarantene

Dei siste to vekene har vi hatt lokale utbrot og høge smittetal i Bjørnafjorden kommune. Etter råd frå kommuneoverlegen har kommunal kriseleiing (KKL) i Bjørnafjorden valt å innføre gult smittevernnivå ved barnehagar og grunnskular i kommunen. Dei vidaregåande skulane i kommunen vår er allereie på gult nivå. 

Les også: Sju nye smittetilfelle onsdag

I tillegg vil Bjørnafjorden kommune vedta ein lokal forskrift som vidarefører smittekaranteneordninga for barn og unge under 18 år.

Les også: Bjørnafjorden kommune innfører gult nivå ved barnehagar og grunnskular og vidarefører karanteneordning.

Elles gjeld dei nasjonale reglane 

Med unntak av den lokale forskrifta som handlar om smittekarantene for dei under 18 år, følgjer Bjørnafjorden kommune dei nasjonale reglane og retningslinjene. Dette inkluderer reglar for arrangement og servering.

Bjørnafjorden kommune anbefaler

– Bruk sunn fornuft og følg smittevernreglane. Vi anbefaler at du brukar munnbind på kollektivtransport, kjøpesenter, butikkar og andre stader der du ikkje kan halde god avstand til andre. Vi oppmodar òg lag og organisasjonar til å legge til rette for kohortinndeling ved aktivitetar som samlar mange på tvers av skular og klassetrinn. Slik kan vi unngå å sende fleire enn nødvendig i smittekarantene dersom det skulle bli aktuelt, seier ordførar Lindborg.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s