Ti nye smittetilfelle

Foto: Jan Petter Svendal

37 smittetilfelle sidan fredag. Kommunal kriseleing møtest i ettermiddag.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Ti personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 i går, tysdag 17. august.

– Kommunal kriseleiing (KKL) møtest i ettermiddag for å diskutere aktuelle tiltak på grunn av dei høge smittetala den siste tida, melder Bjørnafjorden kommune.

  • Tre barn i barneskulealder. To smitta i utlandet, eitt i husstanden. Ingen av barna har vore på skulen.
  • Ungdomsskuleelev. Kjend smitteveg. Har ikkje vore på skulen.
  • To elevar ved vidaregåande skule. Éin fekk påvist smitte ved hurtigtest på skulen i går, éin er smitta i husstanden og har ikkje vore på skulen. Smittevegen er kjend.
  • Mann i 40-åra. Smitta i utlandet.
  • Mann i 40-åra. Smitta i husstanden.
  • Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg.
  • Kvinne i 20-åra. Ukjend smitteveg.