Innfører gult smittevernnivå i barnehagar og barne- og ungdomsskular

Foto: Jan Petter Svendal

Kommunal kriseleiing (KKL) har hatt møte onsdag ettermiddag.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Berre sidan fredag har vi hatt 37 smittetilfelle i Bjørnafjordeen kommune, og så langt i august rundt 60.

– På grunn av smittesituasjonen i kommunen, har kommunal kriseleiing (KKL) i Bjørnafjorden kommune vedtatt å innføre gult smittevernnivå i barnehagar og barne- og ungdomsskular.

I tillegg vil Bjørnafjorden kommune vedta ein lokal forskrift som vidarefører smittekaranteneordninga for barn og unge under 18 år.

Kommunal kriseleiing (KKL) var samla til møte onsdag ettermiddag for å drøfte tiltak for å få bukt med dei høge smittetala i kommunen. Etter råd frå kommuneoverlegen vedtok KKL å innføre gult smittevernnivå ved barnehagar og grunnskular i Bjørnafjorden kommune. Dei vidaregåande skulane i kommunen er allereie på gult nivå. 

– Det er leit å måtte innføre strengare smitteverntiltak så raskt etter oppstart i barnehagar og skular, men dessverre nødvendig i den situasjonen vi er i, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Gult smittevernnivå vil gjelde frå så snart som mogleg, og seinast frå fredag 20. august. Barnehagane og skulane vil sjølve informere tilsette og føresette om konsekvensane av dette.

Lokal forskrift om fortsatt smittekarantene for dei under 18 år
Nye nasjonale retningslinjer som trådde i verk 16. august, seier at barn og unge under 18 år ikkje lenger må i smittekarantene når nokon i klassen eller avdelinga får påvist smitte. I utgangspunktet betyr denne nye regelen at dersom eit barnehagebarn eller ein elev får påvist smitte, må dei andre barna i klassen/avdelinga ikkje lenger gå i smittekarantene, men i staden bli testa hyppig over fleire dagar etter smitteeksponering. Retningslinjene seier òg at testinga skal gå føre seg ute i barnehagane og skulane.

Bjørnafjorden kommune kjem førebels ikkje til å innføre testing som ei erstatning for smittekarantene for dei under 18 år, og vil i staden innføre ein lokal forskrift som vidarefører ordninga med smittekarantene for nærkontaktar under 18 år. Forskrifta er under arbeid, og vil i første omgang gjelde til og med tysdag 31. august 2021.

Karantene meir effektivt i denne situasjonen

– Vi vurderer karantene for nærkontaktar som eit langt sikrare og meir effektivt smitteverntiltak i denne situasjonen. Ved kvart utbrot har vi fått bevist at karantene er svært effektivt for å få kontroll og stanse smitten. Når testing skal erstatte karantene, vil det vere langt større sjanse for at nokre smittetilfelle går under radaren og smitten kjem ut av kontroll – spesielt no når vi har komme tilbake frå ferie og gjerne har tatt litt lett på smittevern. Vi har per i dag heller ikkje ressursar til å reise rundt og teste ute i einingane, og dei tilsette i barnehagane og skulane skal ikkje utføre testane, seier kommuneoverlegen.