Ti nye smittetilfelle

Fleire har ukjend smitteveg.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Til saman ti personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 i går, måndag 16. august, melder kommunen.

  • Fire tenåringar. Nærkontaktar til tidlegare påviste smittetilfelle.
  • Kvinne i 50-åra. Nærkontakt til tidlegare påvist smittetilfelle.
  • Kvinne i 40-åra. Nærkontakt til tidlegare påvist smittetilfelle.
  • Kvinne i 40-åra. Ukjend smitteveg.
  • Mann i 40-åra. Ukjend smitteveg.
  • Mann i 40-åra. Ukjend smitteveg.
  • Mann i 50-åra. Smittesporing pågår.

Slik går du fram for å teste deg 

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag og heilagdagar kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Her kan du bli testa

  • Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing måndag-laurdag.
  • Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag og torsdag. 

Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.