Fem nye smittetilfelle

Arkivfoto: Jan Petter Svendal

– Ingen av smittetilfella i helga har bekrefta samband med ungdomsfestane i Os sist veke.

Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook!

Til saman fem personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 i helga.

  • Mann i 40-åra. Smitta i utlandet.
  • Kvinne i 40-åra. Smitta i utlandet.
  • Kvinne i 40-åra. I familie med tidlegare påvist smittetilfelle.
  • To tenåringar. Ukjend smitteveg.

– Ingen av smittetilfella i helga har bekrefta samband med ungdomsfestane i Os sist veke, seier vikarierande kommuneoverlege Bjørn Petter Aasheim Johannesen. 

Teststasjonen i Kolskogen hadde søndagsope slik at flest mogleg kunne teste seg før skulestart, og mange tok oppmodinga.

– Det er flott at folk tar ansvar og testar seg, slik at vi kan stoppe smitten i å spreie seg vidare, seier Aasheim Johannesen.