12 Nye smittetilfelle

Arkivfoto: Jan Petter Svendal

Fleire er smitta på festar.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

12 personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 i går, fredag 13. august.

Åtte av fredagens smittetilfelle har samband med to ungdomsfestar i Os sist veke:

  • Sju tenåringar. Fem er smitta på fest sist veke. To er nærkontaktar som har blitt smitta av deltakarar etter festen.
  • Mann i 40-åra. Far til smitta ungdom.

Så langt er 16 smittetilfelle knytt til desse festane, og kommuneoverlegen ventar fleire positive prøver.

Fire tilfelle fredag har ikkje samband med ungdomsfestane:

  • Gut i tenåra. Ukjend smitteveg.
  • Kvinne i 40-åra. Ukjend smitteveg.
  • Kvinne i 50-åra. Ukjend smitteveg.
  • Kvinne i 50-åra. Kjend smitteveg.

Les også:

– Smitteutbrot blant ungdom gir gult nivå på vidaregåande skular i Bjørnafjorden.