– Ta telefonen når vi ringer

Foto: Jan Petter Svendal

Smittesporarane merker motstand og manglande samarbeidsvilje når dei tar kontakt med ungdom for å kartlegge nærkontaktar.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Fleire festar med eit ukjend tal deltakarar den siste veka gjer at smitten blant ungdom i Bjørnafjorden aukar raskt. I tillegg opplever smittesporarane i større grad motstand og manglande samarbeidsvilje når dei tar kontakt med ungdom for å kartlegge nærkontaktar.

Gå i karantene og test deg

Dersom du blir oppringt av smittesporarar med beskjed om at du er nærkontakt til eit påvist covid-19-tilfelle, må du teste deg mellom dag 3 og dag 7 etter at du blei utsett for smitte. Du skal halde deg i karantene til du har tatt testen og fått negativt testsvar.
Ja, det er ei kjedeleg melding å få, men dei som driv med smittesporing i kommunen fortel at folk stort sett tar beskjeden med fatning og forståing.

Dessverre har dette ikkje alltid vore tilfelle ved smittesporing i ungdomsmiljøet den siste veka. Åtte smittetilfelle den siste veka er så langt knytt til to festar, alle dei smitta er mellom 16 og 20 år. 

Les også: Fire av fem smittede var på same fest

– Tar ikkje telefonen

– Mange blir sinte når vi ringer. Dei nektar for å ha vore til stades på festen eller å fortelje kven dei har vore saman med. Nokre lyg blankt. Vi opplever òg at personar ikkje tar telefonen i det heile tatt – og at dei i tillegg åtvarar kvarandre mot å ta telefonen frå oss – slik at dei skal unngå karantene, seier vikarierande kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune, Bjørn Petter Aasheim Johannesen.

Ikkje nok å teste 

– Mange trur at det er nok å ta ein hurtigtest dagen etter festen – og at alt er i orden om denne er negativ. Slik er det absolutt ikkje. Det tar som regel nokre dagar før viruset slår ut. Difor skal du halde deg i karantene til du tar testen og fram til negativt prøvesvar ligg føre, seier Aasheim Johannesen.

– Motstand og manglande samarbeid gjer det naturleg nok svært tungt og tidkrevjande å drive smittesporing. Det er vanskeleg å få den oversikta vi treng. Men den verkeleg store konsekvensen er jo at mange går rundt og kan smitte andre som ikkje toler viruset like godt. Vi veit jo ikkje på førehand kven som blir alvorleg sjuke eller som får seinverknader av sjukdomen, seier han.

Plikt til å samarbeide

– Det er klart det kan sitte langt inne å namngi kompisar som har vore på ein fest med for mange deltakarar, og kanskje gjort andre ting dei heller ikkje har lov til å gjere. Vi må av og til opplyse folk om at dei faktisk er forplikta i lova til å hjelpe i smittesporinga, anten dei har lyst eller ikkje, seier Aasheim Johannesen, som har denne oppmodinga:

– Har du vore på fest og veit at andre har blitt smitta på den same festen? Test deg og hald deg i karantene til du har fått negativt svar. Og ta telefonen når vi ringer! Beskytt deg sjølv og andre ved å ta din del av ansvaret. 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s