Kommunen arrangerer fire bærekraftsmarsjer i Os og Fusa

Vil skapa merksemd rundt FN sine berekraftsmål. Har lagt inn spørsmål i løypene for å få innspel frå innbyggjarane.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Bjørnafjorden kommune hadde torsdag morgon ein for lokalpresse kor tema var bærekraftsløyper i kommunen, både i Os og Fusa.

Arbeidet med den første samfunnsdelen av kommuneplan for Bjørnafjorden kommune er i gang og arbeidet med klima-, energi- og miljøplan (KLEM-plan) for heile kommunen er i avslutningsfasen.

I dette høvet legg Bjørnafjorden kommune ut «berekraftsløyper» og arrangerer «berekraftsmarsjar», for å skapa merksemd rundt FN sine berekraftsmål og korleis vi i Bjørnafjorden kan jobba med dei. Kommunen håper og å få innspel frå innbyggjarane.

Berekraftsløyper:

  • Det blir lagt ut fire «berekraftsløyper»: i friluftsområda på Vinnesholmen og på Lyngheim og til dei to dagsturhyttene våre
  • Det blir hengt opp 17 postar med FN sine 17 berekraftsmål (i løpet av fredag 20. august)
  • Dei blir hengande nokre veker, slik at flest mogleg skal få høve til å medverka
    • Postane inneheld spørsmål for å få innspel frå innbyggjarane (via QR-kode på posten til digitalt spørjeskjema (på mobilen); det blir òg mogleg å svara på papir)

Tilrettelagde berekraftsmarsjar:

  • For dei som ikkje kjem seg til dagsturhyttene våre, arrangerer vi to berekraftsmarsjar i enkelt terreng på Vinnesholmen og Lyngheim
    • I samarbeid med eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne + Stiftinga Lyngheim/Vener av Lyngheim og Kystlaget Vinnesholmen
    • Vinnesholmen laurdag 21. august klokka 14-17
    • Lyngheim søndag 22. august klokka 13.30-16.30
    • Folk kan gå løypa innanfor dette tidsrommet
    • Ordførar Trine Lindborg og varaordførar Mikal Leigland blir med