Tenk tryggleik og klipp hekken før skulestart

Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker på eigedomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Trygg Trafikk oppmodar folk om å klippe hekkane i samband med skulestart.

Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.

Trafikantane mistar ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.

Ein lovpålagt klipp
Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker på eigedomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

– I desse dagar startar barna på skulen igjen og vi ynskjer at flest mogleg skal gå og sykle der det høver seg. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Barna må vere synlege langs vegane, seier regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås.

Å syte for fri sikt er så viktig at ansvarstilhøva er nedfelt i veglova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekk og busker på eigedommen din. Det skal vere god sikt ved vegkryss og ved avkøyrsla. Mange bilistar må også krysse gang- og sykkelvegar for å køyre ut på vegen. Då må dei lett kunne sjå både små og store trafikantar.

Berre ein halv meter
Når du står tre meter inn i avkøyrsla di skal du ha minst 30 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, ifølge lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje vere høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla. Om avkøyrsla munnar ut i ein veg med fartsgrense 50 km/t, må det vere fire meter fri sikt inn og 45 meter til kvar side når du står inne i avkøyrsla di, ifølgje Statens vegvesen si temaside om vegetasjonsrydding og ein brosjyre om temaet som ligg ute på http://www.vegvesen.no

– Det her gjeld mange stader i distriktet vårt. Mange er nok ikkje klar over dette, no må vi saman ta eit tak for å sikre best mogleg sikt og trafikktryggleik før skulestart, avsluttar Nestås.

Trygg Trafikk er opptekne av at skulevegane skal vere så trygge som mogleg og vonar oppmodinga vert teken vel imot.