– SMITTEN KAN AUKE HOS OSS ÒG

– Det er knytt mykje usikkerheit til delta-varianten av koronaviruset.

Bergen kommune har innført nye lokale tiltak på grunn av smittesituasjonen i kommunen. Smittenivået i Bjørnafjorden kommune ligg framleis relativt lågt- men dette kan endre seg.

-Bjørnafjorden kommune anbefaler difor bruk av munnbind på kollektivtransport, og der det elles ikkje er mogleg å halde ein meters avstand. Vi anbefaler òg at serveringsstader registrerer besøkande, for å forenkle eventuell smittesporing, seier ordførar Trine Lindborg.

– Det er knytt mykje usikkerheit til delta-varianten av koronaviruset. Vi ser at mange av dei andre nabokommunane til Bergen òg har ei urovekkande utvikling i smittetala etter ein roleg sommar. Mange av oss har seinka skuldrene i ferien, og kanskje tatt litt lett på smittevernet. No når vi skal tilbake til kvardagen, er det difor ekstra viktig at vi òg går tilbake til dei gode vanane og rutinane som held oss friske, seier ordførar Trine Lindborg. 

Grønt nivå i barnehagar og skular

Barnehagar, SFO og skular i Bjørnafjorden kommune driv etter trafikklysmodellen med grønt, gult og raudt smittevernnivå.
Frå 1. august gjekk barnehagane, SFO og skulane i Bjørnafjorden kommune over til grønt smittevernnivå, i tråd med KKL (kommunal kriseleiing) sitt vedtak før sommarferien.

Kva inneber grønt nivå?

På grønt nivå vil det ikkje lenger vere behov for inndeling i kohortar, og vi kan gå tilbake til vanleg organisering av avdelingane og barnehagekvardagen.
Samstundes er det viktig å hugse på at vi framleis er i ein pandemi. Sjuke barn og vaksne skal halde seg heime, og vi skal framleis vere nøye med hand- og hostehygiene.
Ved lokale smitteutbrot kan det bli innført gult eller raudt nivå der dette er aktuelt og hensiktsmessig.

Nye reglar for smittekarantene frå 16. august

Det er eit nasjonalt mål å halde barnehagar og skular på grønt nivå. Frå 16. august innfører regjeringa ein nasjonal regel om at barn og unge under 18 år er unntatt smittekarantene, med unntak av om dei er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære kontaktar til nokon som er smitta. Dette betyr til dømes at dersom eit barn får påvist smitte, må dei andre barna på avdelinga testast, men dei må ikkje lenger i 10-dagars smittekarantene. Les meir om dette på regjeringa sine nettsider.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s