Onsdag vert det drop-in-vaksinasjon i Os og Fusa

Foto: Jan Petter Svendal

Du treng ikkje bestille time på førehand.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Er du fødd i 2003 eller før, og enno ikkje fått første vaksinedose?
Onsdag 11. august kan du komme på drop-in-vaksinasjon i Oshallen eller Fjord’n senter mellom klokka 10 og 14.

– Du treng ikkje bestille time på førehand, berre møte opp mellom klokka 10 og 14. Ha med deg legitimasjon og ta på munnbind, melder Bjørnafjorden kommune.

Har du alt bestilt time?

Dersom du allereie har bestilt time, skal du møte til oppsett tid. Du som har bestilt time på førehand vil bli prioritert i køen og få vaksinen til den tida du har bestilt. 

– Sjølv om vi no opnar for drop-in, er det framleis ein fordel at folk bestiller time på førehand. Men vi håpar at fleksibiliteten gjer det enklare for fleire å få tatt vaksinen, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Vaksinasjon skjer i «Gamle» Oshallen på Kuventræ og ved Eikelandsosen legekontor på Fjord’n senter.

Berre for første dose

Drop-in-tilbodet gjeld førebels berre for dei som skal ta første vaksinedose. Dersom du ventar på andre dose, gjeld framleis den fastsette timen.