Her kan du førehandsstemme i Bjørnafjorden kommune

Det vært ambulerande stemmegiving fleire stader i kommunen.

Du kan førehandsstemme i alle landets kommunar frå 10. august til 10. september. Valdagen er måndag 13. september 2021.

Her kan du førehandsstemme i Bjørnafjorden kommune:

  • Vognhallen, Osøyro, måndag-fredag kl. 9-15
  • Kommunetunet, Eikelandsosen, måndag-fredag kl. 9-15 

Utvida opningstider for begge lokala: 

  • Torsdag 2., onsdag 8. og torsdag 9. september kl. 09-17
  • Laurdag 28. august og laurdag 4. september kl. 10-14

Hugs å ta med deg legitimasjon når du skal stemme.
Valkort gjeld ikkje som legitimasjon.

Ambulerande stemmegiving

Bjørnafjorden valstyre har vedtatt at det blir ambulerande stemmegiving følgjande stader:

  • Fusa bu- og behandlingssenter, måndag 23. august kl. 10-1
  • Eikhovdaheimen, tysdag 24. august kl. 10-11.30
  • Baldersheim helsetun, onsdag 25. august kl. 10-11.30
  • Kongshaug musikkgymnas, måndag 30. august kl. 09-11
  • Ravneberghaugen, måndag 30. august 13-14.30
  • Os gymnas, tysdag 31. august kl. 09-11
  • Os vidaregåande skule, tysdag 31. august kl. 13-15
  • Luranetunet, onsdag 1. september kl. 10-14
  • Kysthospitalet, torsdag 2. september kl. 10-11.30
  • Gamleheimshagen, torsdag 2. september kl. 13-15

Ambulerande stemmegiving i tidlegare krinsar som no ikkje lenger har tilbod om fysisk vallokale, blir på følgjande stader:

  • Nore Fusa: parkeringsplassen til nærbutikken i Holmefjord, måndag 23. august kl. 16-18
  • Strandvik: ved Joker Strandvik, tysdag 24. august kl. 14-16
  • Hålandsdal: ved Hålandsdalen Montessoriskule, onsdag 25. august kl. 14-16
  • Søfteland: øvre parkeringsplass ved Søfteland barneskule, onsdag 1. september kl. 16-19

Heimestemming

Veljarar som ikkje er i stand til å ta seg fram til eit vallokale, har krav på å få stemme heimefrå. Heimestemming startar i utgangspunktet 6. september.
Frist for å søkje om heimestemming er fredag 10. september klokka 12.

For å søkje om heimestemming, ta kontakt med Bjørnafjorden kommune på telefon 56 57 50 00 eller på e-post: val@bjornafjorden.kommune.no