Seks smitta siste veka

Foto: Jan Petter Svendal

Frå 14. til 19. juli har seks nye personar i Bjørnafjorden kommune fått påvist smitte av Covid-19.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Det har vore relativt få smittetilfeller av Covid-19 i Bjørnafjorden i sommar. 

14. juli fekk ei ung dame og ei jente i barneskulealder påvist smitte.

– Dei to er ikkje i relasjon til kvarandre. Vi meiner å ha kontroll på smittevegen i begge desse tilfella, seier fungerande kommuneoverlege Bjørn Petter Aasheim Johannesen.

16. juli blei det påvist smitte hos tre nye personar. Ein mann, ei kvinne og ein gut. Alle i familie med jenta i barneskulealder.

– Alle nærkontaktar har blitt testa og vi har ikkje fått positive testresultat tilbake.

19. juli fekk ein mann påvist smitte av covid-19.

– Dette var ein mann i karantene og smittevegen er kjent.

– Vi har med andre ord kjent smitteveg på alle og det er difor inga grunn til uro. Eg meiner vi har god oversikt, avsluttar Johannesen.