– Det er nok vingling no

Foto: Jan Petter Svendal

Både innbyggjarane, helsepersonell og alle dei gode frivillige i vaksineteamet må få forutsigbarhet!


Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Fleire ordførare signerte torsdag brev angåande endringar på fordeling av vaksiner. Brevet er sendt til Helseminister Bent Høie, FHI, HOD og HDIR

– Eg er skuffa og fortvila på vegne av innbyggjarane i Bjørnafjorden, dei tilsette og dei gode frivillige sine vegner! No har vi rigga oss for å kunna gjennomføra vaksineringa i sumar slik vi blei forespegla, våre protestar mot skeivfordeling vann ikkje fram,- og heile vaksineteamet med tilsette og frivillige har jobba intenst med å ta utfordringa med at størstedelen av vaksinedosane kjem midt i ferien, seier ordførar Trine Lindborg i ein kommentar.

Kommunen har søkt etter folk til vaksinering, folk har flytta på ferien sin og eit stort apparat har vore i sving for å klara gjennomføringa i sommarvekene.

Følgjande klare melding er difor oversendt frå ordførarane i 11 kommunar på torsdag:

Kommunane er skuffa over tilrådinga, og ber regjeringa gå for alternativ 1, og oppretthalde dagens planlagde avslutning i veke 29, og så avslutte dose 1 i «plusskommunane» inntil «minuskommunane» i løpet av tre veker har fullført si dose 1 vaksinering.

Her er brevet som vart sendt:
I FHI si vurdering kring reduksjon i tal forventa vaksinedosar, datert 14. juni å avslutte skeivfordeling av vaksiner i veke 29 slik som planlagt, men så gå rett over til ei jamn fordeling etter befolkningstal for alle kommunar (alternativ 3).

Tilrådinga har vore godt skjult og ikkje vore drøfta med kommunane det gjeld.

Tilrådinga som FHI kjem med no, vil vere eit brot på dei lovnadane som blei gitt frå regjeringa då skeivfordelinga vart innført.

Då skeivfordelinga vart vedtatt, fekk kommunane klar melding om at vi ville få ekstra mange vaksinedosar i veke 29-32, dei tre vekene det er vanskelegast å skaffe kvalifisert helsepersonell. Vi har stått på og sikra bemanning, for å ta igjen vaksineringa av våre innbyggjarar. Ved den tilrådde endringa vil det kanskje ikkje bli bruk for desse likevel – ikkje fordi det uventa kjem færre vaksiner til landet, men fordi FHI foreslår å gå tilbake på fordelinga, «tilbakebetalinga», av vaksiner til
«minuskommunane».

Vi er skuffa over FHI si tilråding. Dette alternativet vil føre til at våre innbyggjarar må vente enno lenger for å få dose 1.

Kommunane vil be regjeringa gå for alternativ 1, og oppretthalde dagens
planlagde avslutning i uke 29, og så avslutte dose 1 i «plusskommunane» inntil «minuskommunane» i løpet av tre veker har fullført si dose 1 vaksinering.

Smittetala er låge eller fallande i nesten alle kommunar i landet, og kommunane kan difor ikkje sjå grunn til å gjere endringar i den førespegla vaksinefordelinga. FHI skriv sjølv om alternativ 1 at «Dette vil gi en lavere dekning i de prioriterte kommunene ved avslutningen av den målrettede prioriteringen, men det kan hevdes at med dagens fordelaktige smittesituasjon med mindre geografisk skjevhet i smitte, vil være av mindre epidemiologisk betydning.»

Gjennom heile pandemien har kommunane fått pålagt nye oppgåver, og
endringar i restriksjonar og vaksinasjonsprogrammet har blitt kommunisert gjennom pressekonferansar, utan nokon kommunikasjon om dette er handterbart eller kva kommunane treng for å få det til på ein god måte.

No er det på tide at regjeringa lyttar til kommunane, gir oss føreseielegheit og tar oss på alvor. Det kan regjeringa gjere ved å gå for alternativ 1.

Med venleg helsing
Sara Hamre Sekkingstad, ordførar i Alver kommune
Trine Lindborg, ordførar i Bjørnafjorden kommune
Marianne Sivertsen Næss, ordførar i Hammerfest kommune
Hans Inge Myrvold, ordførar i Kvinnherad kommune
Anders Vatle, ordførar i Eidfjord kommune
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, ordførar i Etne kommune
Lars Fjeldstad, ordførar i Osterøy kommune
Hege Eide Vik, ordførar i Vaksdal kommune
Per Lerøy, ordførar i Austrheim kommune
Kjetil Eikefet, ordførar i Modalen kommune
Hallvard Hallstein Oppedal, ordførar i Gulen kommune