Laurdag vert det seconhand i Os sentrum

Ungdommar kan selge og kjøpe brukte klede, sko, vesker og liknande. 

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Laurdag 19. juni kan ungdommane selge og kjøpe brukt på second hand-marknad i Os sentrum. UKM (UngKulturMøtes) arrangerer ungdomsarrangement kl. 10.00-15.00. Os sentrum fylles opp med second hand-marknad der ungdommar kan selge og kjøpe brukte klede, sko, vesker og liknande.

Plass til fleire
– Det blir sal av fint brukte klede, her kan du gjere eit kupp! Vi har framleis plass til fleire, så om du er mellom 13 og 25 år og har lyst å selje ta kontakt med stko@bjornafjorden.kommune.no seinast fredag.

OBS! Grunna smittevern må du melde frå om du skal selje på førehand.

Arrangementet er eit samarbeid mellom UKM og Os sentrumsforening. Målgruppa er 13 til 25 år, men secondhand-marknaden er sjølvsagt open for alle som vil kjøpe.

Grafitti
Det blir også eit nytt kunstverk på grafittiveggen på Oshjørnet, og kunstnar Gurdish Haugsdal skal saman med fem ungdommar sette sitt handtrykk på veggen!

– Under sommergata i fjor hadde vi workshop med grafittikunstnar Marie Doyenne som resulterte i eit fargerikt kunstverk på gamle Oshjørnet. I år blir veggen ny! Denne gong er det kunstnar Gurdish Haugsdal som saman med ungdommar skal sette sitt preg på veggen. Vi gler oss til å sjå resultatet!

Utdeling av kommunen sitt kulturstipend for ungdom kl 15.00
For andre gong som Bjørnafjorden kommune deler kommunen ut to kulturstipend på kr 20 000,-. I fjor blei stipendet tildelt ballettdansar Ingrid Lyssand Rosvold (22) og fotballspelar Madelen Koldal Holme (18). 

– Denne gong fekk vi 14 søknadar frå mange gode kandidatar, og kl 15.00 vil ordførar Trine Lindborg dele ut årets stipend.

Sommargatatorget i Os Sentrum laurdag 19. juni kl. 10.00 – 15.00.

Oppmøte: kl 09.00 

Type klede: Ikkje sal av undertøy – alt anna er topp! 

Utstyr: Os Sentrumsforening har med bord, stativ og kleshengarar. Det blir også sett fram handsprit.

Betaling: Betaling skjer på Vipps og ungdommane får behalde alt dei selger sjølve.

Prisar: Alle varer må vere synleg prisa, slik at kundane kan sjå kva kleda kostar utan å ta for mykje på dei – tenk smittevern!

TIPS! Lag gjerne ein plakat eller ta med noko som gjer prisar og salgsvarer ekstra synlege!