Kommuneoverlegen anbefalar ikkje Janssen-vaksinen

Personar som ønskjer det, kan bli vurderte av lege for om dei kan få han.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Janssen-vaksinen er ikkje ein del av koronavaksinasjonsprogrammet. Personar som ønskjer det, kan bli vurderte av lege for om dei kan få han. Først må dei undersøke om legen tilbyr denne vaksinen, sidan det er opp til legen sjølv om han eller ho vil tilby denne vaksinetypen.

– Vi anbefaler ikkje fastlegane i Bjørnafjorden kommune å tilby Janssen-vaksinen til sine pasientar. Fastlegane vel sjølve om dei ønskjer å tilby denne vaksinen, og må i så fall gjere dette i eigen regi og på eige ansvar. Vi har komme såpass langt i befolkningsvaksineringa, og i slutten av august vil sannsynlegvis alle over 18 år ha fått minst èin dose BioNtech/Pfizer-vaksine. Helsedirektoratet vurderer risikoen for alvorlege biverknader av Janssen-vaksinen som større enn fordelane, og vi rettar oss etter denne vurderinga, seier kommuneoverlege Klaus Melf.