Innviterer til soloppgangskonsert

Natt til torsdag 8.juli spiller Ruben opp på Tysnessåto.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Tysnesfest har sidan 2014 hatt ein årleg tradisjon i å arrangera konsert på Tysnessåto 753moh. Kvar einaste konsert har vore magisk på sine eigne vis, alt frå Oslo Ess i full sol og 25 varmegrader, via Sondre Justad i full skodde og 8 varmegrader til publikumsrekord i 2018 der Bigbang trollbandt 2500 fjellvandrarar. 

– Me har lenge hatt ein draum om å gjennomføra soloppgangskonsert under festivalen, og i år bestemte me oss. Klokka 04.00 torsdag morgon (natt til torsdag 8. juli) kjem Ruben for å gje deg ein heilt fantastisk semiakustisk konsert, seier dagleg leiar Øystein Vaage.

Ruben er eit ungt talent frå vesle Barkøy i Nord-Norge som på kort tid har befesta seg som eit av Norges store pophåp med meir enn 300 millionar strøymingar og samtlige hitsinglar har plassert seg i spelelistene til svært mange både i og utanfor Norge. 

Ruben vann sin fyrste spellemannspris for «Årets Låt» i 2020 med «Lay By Me», og hadde nyleg eit samarbeid med Alan Walker på låten «Heading Home». 

Det vil i år for fyrste gong bli selt billettar til såtekonserten.

– Billettinntektene frå konserten vil bli gjeve som bidrag til Sherpatrappene som skal byggjast opp stien frå Myrdal. 

– Me legg i fyrste omgang ut berre 200 billettar til denne konserten, men viss regjeringa opnar opp for Trinn 3 i gjenåpningsplanen i god tid før festivalen vil me opna opp for kohort nr. 2

Billettar til Soloppgangskonserten kjem i sal fredag 11. juni klokka 10.00!