Bua opnar om ei lita veke

Ordfører Trine Lindborg, prosjektleder for Bua, Eivind Bru og Elin Tuft. Foto: Jan Petter Svendal

BUA blir Bjørnafjorden kommune sin eigen utlånssentral for idrett- og friluftsutstyr.


Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Tysdag 15. juni klokka 17:00-19:00 vert det høgtidleg opning utanfor og i BUA sine lokale i Os Næringspark i Holtbrekka.

Ordførar Trine Lindborg kjem og klippar snora på opningsdagen, og 6. klasse ved Os Os barneskule står for underholdninga.

– Ta på deg aktivitetsklede for her kan du både sjå og prøva det flotte utstyret BUA låner ut heilt gratis. Opninga blir eit arrangement for heile familien, seier kultursjef Erik Vangsnes.

BUA Bjørnafjorden får i første omgang ein utlånssentral og hovudlager i Os næringspark, vegg i vegg med biblioteket. I tillegg blir det eit utlånspunkt i Eikelandsosen ved biblioteksfilialen i Kommunetunet på Leiro.

– I første omgang blir det utlån med personleg oppmøte i sentralen på Osøyro. Du kan på sikt reservera utstyr på nett og få det utlevert enten i Eikelandsosen eller på Osøyro.

BUA vil vera eit flott nytt tilbod i kommunen vår og vil gjera det mogleg å vera i aktivitet heile sommaren på heimebane. Med alt frå hagespel og slakkline til wakeboard og SUP-brett, finn du noko spennande for heile familien og til mange ulike aktivitetar året rundt.

– Du kan sjå kva utstyr sentralen kan by på via nettsida BUA.io eller stikka innom i Bua-sentralen. Dei faste opningstidene til sentralen på Osøyro vil vera tysdag og torsdag frå kl 17:00-19:00, dagar det òg er kveldsope i biblioteket.

Arrangementet på opningsdagen vert i friluft på plassen framfor BUA-sentralen og på grunn av smittevern blir det maks 200 deltakarer. Det vil vera handsprit tilgjengeleg og tilrettelagt for godt smittevern.

Her kan du oppretta brukarprofil

BUA Bjørnafjorden er eit tilbod i Os frivilligsentral og  Kultureininga, og er blitt ein realitet med tilskot og finansiering frå Bjørnefjorden kommune, Bufdir, BUA.io og Sparebankstiftelsen SR-bank.