Over 600 friske i gruppe 8 får vaksine neste uke

Foto: Jan Petter Svendal

I veke 24 (vaksinasjonsdag 16. juni) får Bjørnafjorden kommune til saman 1089 vaksinedosar.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

647 friske personar over 55 år (prioriteringsgruppe 8) vil få tilbod om første vaksinedose.

Kommuneoverlege Klaus Melf melder at vi no er komne til 1963-årgangen. Dette betyr at alle som er fødde i 1963 eller før får tilbod om første dose i veke 24. I tillegg vil 442 personar få si andre og siste vaksinedose.

FHI har nettopp justert intervallet mellom dose 1 og 2 frå 12 til 9 veker. Frå no av vil det difor vere 9 veker mellom vaksinedosane.

– Vi gjer ikkje endringar i allereie oppsette vaksineavtalar. Alle som har fått første dose skal møte til den fastsette datoen for andre dose.

Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS fortløpande og fram til rett før vaksinasjonsstart den 16. juni.

– Ver vennleg å ikkje ringe vaksinetelefonen før du har fått SMS. Vi har ikkje gløymt deg – du vil få tilbod når det er din tur.

Sjå FHI si oversikt over prioriteringsrekkefølgje for koronavaksine.

Kven er i prioriteringsgruppe 8?

Personar mellom 55 og 64 år, utan underliggande sjukdom/tilstand. Dei eldste får tilbod først.Kommuneoverlege Klaus Melf sender ut tilbod om koronavaksine til neste gruppe på prioriteringslista, som får vaksine neste onsdag.Os og Fusaposten I veke 24 får personar fødde i 1963 og før, tilbod om første dose.

Når går SMS ut for vaksine i veke 24?

Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS fortløpande og fram til rett før vaksinasjonsstart 16. juni. 

– Ver vennleg å ikkje ringe vaksinetelefonen før du eventuelt har fått SMS. Vi har ikkje gløymt deg – du vil få tilbod når det er din tur.