Kommunen treng hjelp til vaksineringa i sommar

Ber pensjonistar og studentar med helsefagleg bakgrunn om å søkja.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Bjørnafjorden kommune søkjer etter personar med helsefagleg bakgrunn, gjerne pensjonistar eller studentar, som kan hjelpe med gjennomføringa av covid-19-vaksineringa i kommunen i sommar.

– Vi søkjer deg som kan bidra minst to dagar i veka i veke 28, 29 og 30.Vaksineringa skjer i Oshallen og ved Eikelandsosen legekontor onsdagar og fredagar i heile juli. Saman skal vi syte for at bjørnafjordingane får vaksinen, melder Bjørnafjorden kommune.

Arbeidsoppgåver

Å klargjere og sette vaksiner. Det kan òg bli aktuelt å svare på vaksinetelefonen og jobbe ved teststasjonen.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar, lege, helsesjukepleiar, vernepleiar, medisinsk sekretær, farmasøyt eller anna autorisert helsepersonell er velkomne til å søkje, både aktive og pensjonerte.
  • Studentar innan sjukepleie, vernepleie, medisin eller paramedic, er òg velkomne til å søkje. Legg då ved semesterbekrefting til søknaden.

Kommunen lønner etter avtale, og opplæring blir gitt.

Bjørnafjorden kommune sin nettside finn du søknadsskjema.