Arrangerer minifestival på andre siden av fjorden

– Så lenge du held avstand til naboen kan du snart du synga med.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

– Me har gleda oss veldig til fyrste artistslepp til minifestivalen Tysnesfest-isj, og det er ikkje småtteri me kjem med. Stavangerkameratene og car.pool er nemleg klare for Tysnesfest-isj.

Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang, Glenn Lyse og Ole Alexander Mæland er kvartetten som utgjer Stavangerkameratene. Tysnesfest-isj får besøk av gjengen frå Stavanger, og så lenge du held avstand til naboen kan du snart du synga med på hits som «Bare så du vett det», «Vil du shalala» og «Vekk meg opp» når dei runga over E-brygga i Våge.

Det unike samarbeidet «Stavangerkameratene» oppstod i Stavanger sommaren 2015 då Kjartan, Tommy, Glenn og Ole Alexander skulle opptre på opninga av Volleyball-VM. I det dei gjekk på scena sa konfransier Stian Blipp: «Det er litt fristende å kalle dei Stavangerkameratene» og etter det har navnet blitt hengande ved dei.

«Me har mykje sjølvironi, så det er berre deilig når det blir litt halvkleint, dessutan er det ikkje kvar dag ein blir døypt av sjølvaste Stian Blipp», seier Tommy Fredvang.

Endelig får me Stavangerkameratene til Tysnes etter at me måtte avlysa i fjor, og nedskalere i år. Me gler oss stort, seier dagleg leiar Øystein Vaage.

car.pool
Dei vart kåra til Vestlandssatsinga 2020, men når Corona sette ein stoppar for deiras konsert i år nølte ikkje Tysnesfest med å invitera dei til minifestivalen i 2021.

– Tysnesfest 2021 blei og avlyst, men car.pool er eit så bra up-and-coming band at når me bestemte oss for å laga Tysnesfest-isj var det sjølvsagt å spørje dei igjen! Heligvis var dei like sugne på å spele som me var på å arrangera, så fredag 9. juli opnar dei fredagskvelden med ei bombe av ungdommeleg energi!

Kjappe discobeats og indierock, med eit lydbilde og sceneshow som kan beskrivast som det beste sparket i magen du har fått på lang tid! Ein konsert med car.pool er smekkfull av ear-candy, highkicks, høg gitar, og alt toppast med ein tilsynelatande begrensningslaus powerpop-vokal.

– car.pool kjem til Tysnesfest-isj med sine fargerike antrekk og sin energiske utstråling og utfordrer deg til å gjere det same. Fingrar kryssast for fint vær, men god stemning er garantert!

Konsertar på E-brygga torsdag, fredag og laurdag, bluescruise på Bjørnefjorden, Døds Challenge og kanskje til og med såtekonsert! 

– Set av dagane torsdag 8. fredag 9. og laurdag 10. juli.