– Ikkje sløs med vatnet!

Om ikkje forbruket går ned, blir det vurdert å innføre vatningsforbud.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

På under ei veke har Bjørnafjorden kommune gått ut med melding om å spara på vatnet to gonger.

Seinast torsdag gjekk det melding ut til mange av innbyggjarane, både via e-post og SMS.

«Vassforbruket har auka i det varme veret, og dette gjer at vi kan få problem med å levere vatn i fleire områder. Vi oppmodar alle til å redusere hagevatning/bruk av vasspreiar, og anna unødig vassbruk. Om ikkje forbruket går ned, blir det vurdert å innføre vatningsforbud», var meldinga.

Risikerer å ha for lite vatn i høgdebassenga til å sløkke branner
Vassforbruket i Bjørnafjorden kommune er no så høgt at kommunen har problem med å levere vatn i fleire område. Vassforsyningssystemet greier rett og slett ikkje å fylle alle basseng og vatne alle hagar i kommunen samstundes.

– Vi oppmodar alle til å redusere hagevatning/bruk av vasspreiar og anna unødvendig vassbruk. Om ikkje forbruket går ned, må vi vurdere å innføre vatningsforbod. Dersom det skulle oppstå ein brann, kan vi faktisk risikere å ha for lite vatn i høgdebassenga til å sløkke brannen, seier einingsleiar for samferdsel og VA i Bjørnafjorden kommune, Agnete Haugland, og gir følgjande råd til alle i heile Bjørnafjorden kommune som får vatn frå eit kommunalt vassverk:

  • Ikkje bruk vatn unødvendig.
  • Reduser bruk av spreiarar, og ikkje la hageslangen ligg og renne.
  • Gå for gjenbruk av vatn: Bruk vatnet i plaskebassenget til å vatne planter og bed.