
Bjørnafjorden kommune ligg framleis på risikonivå 2 i kommuneoverlegen si smittevurdering.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.
Regjeringa har opna for at skular og barnehagar kan gå over til grønt nivå i trafikklysmodellen. Det er opp til kvar enkelt kommune å vurdere om og når dette skal skje, med utgangspunkt i smittesituasjonen i den aktuelle kommunen eller regionen.
Kommunal kriseleiing i Bjørnafjorden har vedtatt at skulane og barnehagane i kommunen vår held fram på gult nivå fram til 1. august. Med mindre smittesituasjonen tilseier noko anna, vil barnehagane og skulane i Bjørnafjorden kommune gå over til grønt nivå frå 1. august 2021.
– Ukjend smitteveg
– Vi har forholdsvis låge smittetal i Bjørnafjorden kommune. Samstundes har vi nyleg hatt fleire tilfelle med ukjend smitteveg, som gjer at Bjørnafjorden framleis ligg på risikonivå 2 i kommuneoverlegen si smitterisikovurdering. Det er grunnen til at vi held fram på gult nivå, seier ordførar Trine Lindborg.
– Det er kort tid att av dette barnehage- og skuleåret. Vi ønskjer å skape ein mest mogleg trygg og føreseieleg kvardag for tilsette, elevar og barnehagebarn. Barnehagane og skulane har drive heile siste året på gult nivå, og er ordentleg gode på rutinane. Dersom vi skulle få nye utbrot, vil rutinane på gult nivå gjere det enklare å smittespore og færre ville måtte gå i karantene, seier Lindborg.