Nytt smittetilfelle på Lurane

Den smitta er delvis vaksinert.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Nok ein tilsett ved Luranetunet har fått påvist covid-19. Den tilsette er delvis vaksinert. Nærkontaktar er varsla og sett i karantene.

Dette er det femte smittetilfellet knytt til dette utbrotet. Alle tilsette og bebuarar ved den aktuelle avdelinga blei testa.

– Vi har grunn til å tru at dette utbrotet har starta med ein uvaksinert person, og ikkje nokon som er fullvaksinerte, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

– Vaksinen gir 95 prosent beskyttelse, men det er altså likevel fem prosents sjanse for at ein kan bli smitta. Det er svært låg risiko for at ein fullvaksinert person kan smitte andre – og endå lågare risiko for at ein fullvaksinert person utviklar alvorleg sjukdom som følgje av viruset, seier Nordvik Dale.