To utstillere åpner utstilling i Oseana

Møte mellom Bjarne Svanøe og Geir Hjetland i Galleri Hvelvet.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

– Velkomen til eit kunstnarisk møte mellom Bjarne Svanøe og Geir Hjetland i Galleri Hvelvet, melder Oseana i ein pressemelding.

Utstillingsopning laurdag 5. juni kl. 14:00. Kunstnarsamtale kl. 15:00.

Geir Hjetland er mest kjend for robuste og tidvis monumentale konstruksjonar i stål og aluminium, men arbeider også med mindre skulpturar og landskapskunst. Han går heller ikkje av vegen for å bruka kunsten som eit middel for politisk aktivisme. Hjetland sine utsmykkingar er solide nok til å tola handtering og bruk. Dei tar aktivt omsyn til stad, natur og menneske, til landskap og aktivitet. Dette blir uttrykt i motiva, som gjerne vert kjenneteikna av møte mellom menneske og natur, mellom det mekaniske og det organiske. Ein gjengangar i Geir Hjetlands kunst er evna hans til å setja form på abstrakte omgrep og tilstandar, som i verka ”Raus”, ”Global” og ”Toleranse”. 

Bjarne Svanøe sine arbeid står i ein lang koloristisk og målerisk tradisjon der kunsthistoriske retningar som realisme og impresjonisme er aktuelle referansar. Den høgt oppdrivne fargebruken og dei energiske stroka som karakteriserer måleria hans dei seinare åra, gir assosiasjonar til meir ekspressive uttrykk, og er spor av ein personleg, intuitiv arbeidsmåte. Han arbeider alltid ut frå sette motiv, som han så omarbeider mot eit meir abstrahert, men alltid kjenneleg, uttrykk. Både landskapa og tidlegare arbeid med musikkmotiv er velkjende og verdsette blant mange kunstelskarar i Noreg. 

Til trass for det visuelle spennet mellom verka til dei to kunstnarane, finst det også likskapstrekk mellom maleria til Bjarne Svanøe og skulpturane til Geir Hjetland. Begge kunstnarane bevegar seg uanstrengde mellom det figurative og det abstrakte, og står trygt i begge tradisjonar. I tillegg finst det synlege parallellar i spora frå dei to kunstnarane i møtet med deira respektive materiale. Dette kan observerast i Svanøes penselstrøk og i Hjetlands arbeid med metall, der overflatespenninga i aluminiumet skaper ein ujamn og knudrete struktur.  Svanøes maleri kan i utstillingsperioden opplevast i Galleri Hvelvet, medan Hjetlands skulpturar i tillegg vil pryda både foajeen og uteområdet på Oseana. 

Geir Hjetland er utdanna ved Bergen Kunsthåndverksskule og Vestlandets kunstakademi. Dette er den første utstillinga hans på Oseana. 

Bjarne Svanøe er utdanna ved Vestlandets Kunstakademi, Bergen og Statens Kunstakademi, Oslo. Utstillinga er hans tredje på Oseana, han er òg representert i Griegsamlingen.