Smitte på Søre Øyane skule

21 elevar i karantene.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Ein elev på 6. trinn ved Søre Øyane barneskule har fått påvist covid-19. Alle elevane på trinnet og fem tilsette ved skulen er sett i karantene.

Alle nærkontaktar har fått beskjed

Det er totalt 21 elevar på trinnet. Alle som er rekna som nærkontaktar, har fått beskjed, er i karantene og vil bli testa. Husstandsmedlemmene til nærkontaktane må vere i ventekarantene til nærkontaktane har testa negativt på første test. Helsepersonell frå kommunen vil ta kontakt i løpet av dagen for meir informasjon og rettleiing.

Les meir om reglar for smittekarantene og ventekarantene (fhi.no)

Det er ikkje mistanke om smittespreiing til andre trinn ved skulen. Dei andre elevane og tilsette skal møte som vanleg på måndag.