Fullvaksinert pasient smitta av covid-19

Nok eit smittetilfelle relatert til Lurane.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Nok ein pasient (ikkje fast bebuar) ved Luranetunet har fått påvist covid-19. Pasienten er fullvaksinert. Tilfellet har samband med dei tre andre smittetilfella ved sjukeheimen dei siste dagane.

– Vi har grunn til å tru at dette utbrotet har starta med ein uvaksinert person, og ikkje nokon som er fullvaksinerte, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

– Vaksinen gir 95 prosent beskyttelse, men det er altså likevel fem prosents sjanse for at ein kan bli smitta. Det er svært låg risiko for at ein fullvaksinert person kan smitte andre – og endå lågare risiko for at ein fullvaksinert person utviklar alvorleg sjukdom som følgje av viruset, seier Nordvik Dale.