Fleire nye smittetilfelle

Nye tilfelle på legekontor og på Luranetunet.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Ein tilsett ved eit legekontor i Os har testa positivt for covid-19 fredag, 28. mai.

Alle pasientar som har vore innom i tidsrommet den tilsette kan ha vore smitteførande, blir kontakta av legekontoret.

Den smitta er fullvaksinert.

Tilsett og bebuar ved Luranetunet fekk påvist covid-19.
Begge blei testa som nærkontaktar etter at ein tilsett ved same avdeling fekk påvist smitte i går, torsdag.

Ein tilsett ved Luranetunet testa positivt for covid-19 i går, 27. mai. Smittevegen er ukjend. Den smitta er fullvaksinert. Det er òg bebuarane ved avdelinga. Mange av dei tilsette er ikkje vaksinerte, og er difor i karantene.

To nye tilfelle fredag
Bebuarar og tilsette ved den aktuelle avdelinga blei rutinemessig testa som nærkontaktar. Så langt i dag, 28. mai, har to nærkontaktar testa positivt: éin bebuar og éin tilsett.

Den smitta tilsette er ikkje vaksinert. Den smitta bebuaren er fullvaksinert. Ho har ingen symptom og er i god form, melder assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

– Det er svært liten risiko for at ein fullvaksinert person utviklar alvorleg sjukdom. Dei smitta er isolerte. Vi kjem til å teste hyppig, men sjukeheimen og avdelinga kan drive som vanleg. Vi har diskutert dette med Folkehelseinstituttet, som er einige i vår avgjerd, seier han.

– Det kan verke overraskande at fullvaksinerte blir smitta. Vaksinen gir 95 prosent beskyttelse, men det er altså likevel fem prosents sjanse for at ein kan bli smitta – og smitte vidare. Heldigvis beskyttar vaksinen òg godt mot utvikling av alvorleg covid-sjukdom, seier Nordvik Dale.