Fullvaksinert har fått påvist covid-19

12 tilsette ved Luranetunet er i karantene.


Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Ein tilsett ved Luranetunet bu- og behandlingssenter har fått påvist covid-19. 

Den tilsette er fullvaksinert. Det same er alle bebuarane på avdelinga den tilsette jobbar ved. Pårørande og tilsette er informerte om situasjonen. 12 tilsette ved Luranetunet er nærkontaktar og sett i karantene. Smittesporing av andre nærkontaktar pågår.

Låg risiko for smitte

– Risikoen for at ein fullvaksinert person smittar vidare, er svært låg – maksimalt fem prosent dersom ein er i tett kontakt over tid. Sjukeheimen held fram med vanleg drift, men testar bebuarane og dei tilsette ved den aktuelle avdelinga på dag 3 og 7. Vi har diskutert dette med Folkehelseinstituttet, og dei er einige i våre vurderingar, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.