Synfaringer i samband med reguleringsplanarbeid for E39 Stord-Os

Foto: Statens vegvesen

Mange fagfolk skal ut i området for å gjere ulike kartleggingar for å få eit best mogeleg grunnlag for reguleringsplanen.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.

Statens vegvesen har starta reguleringsplanarbeidet for E39 Stord-Os, og det neste året vil det bli gjennomført mange synfaringar i området. 

Kommunedelplan for E39 Stord-Os vart vedteken av Regjeringa hausten 2019, og Vegvesenet har fått i oppdrag å utarbeide reguleringsplan for vegstrekninga.

I 2021/22 skal det gjennomførast eit omfattande planleggingsarbeid, der COWI AS er engasjert til å bidra saman med Vegvesenet. Dette inneber mellom anna at mange fagfolk skal ut i området for å gjere ulike kartleggingar for å få eit best mogeleg grunnlag for reguleringsplanen.

Slik blir synfaringane gjennomført:

  • Kartleggingane går i hovudsak ut på at nokre personar eller mindre grupper vil ferdast i området, for det meste i utmark.
  • Det vil ikkje bli gjort inngrep i terreng/areal, og det skal takast omsyn til jordbruksdrift og jakt.
  • Parkering skal skje til minst mogleg ulempe, men av smittevernomsyn må det truleg brukast fleire bilar sjølv for små grupper.
  • Vi vil passa på å halda avstand og følgje aktuelle smittevernråd.
  • Undersøkingar som krev fysiske inngrep som til dømes grunnboringar, skal vere avklara direkte med grunneigar, og eventuelle skader som følgje av dette arbeidet blir erstatta, jf. eige skriv.

– Vi som arbeidar i prosjektet ser fram til eit godt samarbeid med dykk som bur i området, og tek gjerne i mot lokalkunnskap.

Er noko uklart så kan du sjå på Statens vegvesen si nettside, eller ta kontakt med ein av våre planleggingleiarar.